|
Svk : Handtering, skylling/lukking, Infusjons og slangesystem, infusjon/injeksjon, fjerning Mål
|
bet | 2/5 | Sana | 01.08.2021 | Hajmi | 24.67 Kb. | | #16434 |
Handtering av SVK:
Alltid handhygiene før og etter kontakt med kateter eller koplingar
Bruk alltid ny steril propp
Bruk ”No-touch” / aseptisk teknikk ved f.eks.
manipulering av systemet, til / frå koplingar
administrering av medikament / væske iv
skifting av bandasjar på innstikkstaden
Kvar vakt: Observer om kateter, koplingar, kraner er vel fungerande
Observer bandasjen og innstikkstaden med tanke på infeksjonsteikn
Bandasjen skiftast x 1 Pr veke, ved infeksjonsteikn og om den er laus, fuktig eller synleg tilsøla.
Bruk gasskompress så lenge det blør/siv frå innstikkstaden
Det føreligg ingen anbefalingar om type bandasje på tilhelt innstikkstad, nytt gjerne ein spesialtilpassa i.v. bandasje som festar godt på huda og gjev god støtte/fixasjon
Det er ikkje naudsynt å pakke inn koplingar og kraner i sterile kompressar, det har ingen infeksjonsførebyggande effekt
Kateter eller innstikkstad bør ikkje senkast i vatn. Beskytt koplingar og innstikkstad med vatntett bandasje ved dusj.
Skifte av kateter ved systemisk/innstikkstad-infeksjon: Klinisk vurdering av lege/spesial-lege skal leggast til grunn
SVK skal fjernast så snart indikasjon ikkje er til stades lenger
Dokumenter i pasientjournal, når innlagt, observasjonar og bandasjeskift.
|
| |