• Krisetid og konjunkturendringar !
  • VTNF - etablering og vekst
  • Utvikling av Vest-Telemark som ein sterk region er viktig for Næringslivet
  • Bedriftsstyre med kompetanse
  • Vitalisering av næringsapparatet i Vest-Telemark
  • Informasjonskampanje – Nye WEB Sider lansert
  • Årsresultat 2008 – økonomi og finansiering
  • Ytre miljø
  • Årsmelding 2008 Vest-Telemark Næringsforum (vtnf) er eit næringspolitisk organ og ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom medlemmene




    Download 33.61 Kb.
    Sana07.04.2017
    Hajmi33.61 Kb.






    Årsmelding 2008

    Vest-Telemark Næringsforum (VTNF) er eit næringspolitisk organ og ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom medlemmene. Medlemsgrunnlaget er private enkeltmannstiltak, verksemder/selskap, rådgjevingsmiljø, høgskulen, bankar og organisasjonar i Vest-Telemark. Vest-Telemark Næringsforum er organisert som ei foreining med eige styre.



    Styrets arbeid

    I meldingsåret 2008 har styret hatt følgjande samansetting:

    Morten Olav Dyrud, styreleiar (Dyrud Elektro, Seljord)
    Andreas Lund (Sparebanken Sør, Kviteseid)
    Christin Norman (Dalen Hotel, Tokke)
    Gunnar Eilefstjønn (Seljord Sparebank, Seljord)
    Johan Straand (Quality Straand Hotell, Vrådal)
    Arild Bondal, (Bondal AS, Fyresdal)
    Anne Lise V. Sandok (Ivistoga, Vinje)
    Hans Olav Kilen (Scana Mar-El, Dalen)

    Styret har handsama 25 saker i til saman 4 styremøter. I tillegg har enkeltpersonar eller delar av styret vore engasjert i ei rekkje enkeltsaker.



    Krisetid og konjunkturendringar !

    Frå å vere den regionen med størst vekst i privat sysselsetting i Telemark i 2007, har særleg 2. halvår av 2008 vore prega av global finansuro. Arbeidsløysa er aukande, og ei rekkje verksemder i Vest-Telemark har varsla permiteringar/ oppseiingar.


    Samstundes er det viktig at ein ikkje svartmålar situasjonen. Ei rekkje verksemder i Vest-Telemark opplever normal eller aukande omsetnad. For dei fleste som har jobb vil 2009 i stor grad innebere like god eller betre kjøpekraft.
    Særleg innanfor bygg/anlegg og delar av industriverksemdene ser ein klart konsekvensar av finansuro og marknadssvikt. For desse bransjane er det viktig at ein får på plass gode konjunkturtiltak slik at aktiviteten kan haldast oppe. Gjennom heile hausten i meldingsåret har VTNF vore engasjert i media og kontakt med politikarar for å fremje næringslivets situasjon i høve til denne ”samfunnstilstanden”.
    2009 blir eit utfordrande år for mange, og VTNF vil gjere det vi kan for å støtte og leggje til rette for ei best mogleg utvikling for næringslivet i Vest-Telemark.

    VTNF - etablering og vekst

    2008 er foreiningas andre heile driftsår, og ein kan no sei at foreininga er godt etablert. Grunnlaget for framtidig drift er under konstant vurdering, men det virkar som VNTF har funne ein god plass både organisatorisk og økonomisk.

    Styret og dagleg leiar konstaterar at det er god bruk for Vest-Telemark Næringsforum. VTNF har i løpet av relativt kort tid fått mange oppgåver og oppdrag. Medlemsmassa er stigande og talde ved fakturering i desember 2008 var snaut 100. Samstundes nærmar ein seg også ein kritisk fase for denne type verksemder. Det er svært viktig at ein i framtida held fokus på det opphavlege engasjementet for å starte eit næringsforum i Vest-Telemark. Dersom medlemmene ikkje ser at det er nyttig å vere medlem hjelper det ikkje om foreininga har økonomi til å drive vidare.

    For det framtidige arbeidet vil ein leggje stor vekt på at VTNF skal vere ei synleg og dynamisk foreining som medlemmane kan bruke som eit verkty. Driftsforma for VTNF må i stor grad balansere omsynet mellom å yte størst mogleg medlemsnytte samstundes som ein sikrar finansiering for drift.

    I årsmeldinga for 2008 ønskjer styret og dagleg leiar å oppsummere nokre av dei viktigaste sakene VTNF er involvert i. Meldinga er ikkje uttømmande, men gir forhåpentleg vis eit godt bilete av hovudlinjene i foreiningas drift.

    Utvikling av Vest-Telemark som ein sterk region er viktig for Næringslivet

    Mykje av arbeidet VTNF er involvert i handlar om å styrkje samarbeidet mellom kommunane i Vest-Telemark, og bidra til at regionen blir sterk. Dei fleste verksemdene er lite opptatt av kommunegrenser. Det betyr meir at rammevilkåra er gode og at regionen framstår som attraktiv i høve til marknad og arbeidskraft. I så måte har det vore viktig med ei regional satsing på ein felles næringsplan.

    Arbeidet med ny strategisk næringsplan for Vest-Telemark tok til i juni 2006, og vart vedtatt av Vest-Telemark Tinget 19. juni 2007. VTNF har vore aktivt med i etablering av denne planen. Gjennom representasjon i styringsgruppa for planen har ein sikra at næringslivet har blitt høyrd. Sjølv om det kan vere saker ein er ueinig i eller tiltak ein ville ha prioritert framfor andre, viser arbeidet med strategisk næringsplan kor viktig det er at næringslivet har eit felles organ som kan representere mange verksemder.

    Planen har omtala 6 ulike strategiområde, der det er utarbeida til saman 14 konkrete tiltak/prosjekt. Planen er viktig for VTNF på fleire vis. For det fyrste er det positivt for næringslivet i regionen at ein tenker meir regionalt i høve til næringsutvikling. Dei fleste av tiltaka som er foreslått vil ha positiv innverknad på rammevilkåra for å drive næring i Vest-Telemark. Det er lagt stor vekt på kva verksemdene faktisk meiner er viktig. Vest-Telemark Næringsforum har fått ansvar for å gjennomføre 3 av tiltaka i planen, og er i tillegg delaktig i fleire andre. Dette gir næringslivet god posisjon i gjennomføring av viktige saker, samstundes som det også sikrar VTNF naudsynt økonomisk inntening.



    Rekrutteringsprosjekt

    Rekrutteringsprosjektet i regi av strategisk næringsplan er i full gang. Prosjektet blir leia av Vest-Telemark Næringsforum. Hovudmålet med prosjektet er å fremje Vest-Telemark som ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Tiltaket er iverksett med utgangspunkt i at mange verksemder og kommunar hatt problem med å skaffe nok og kvalifisert arbeidskraft. NAV har ei nøkkelrolle i prosjektet. Det er etablera faste møtepunkt med marknadsnettverket til NAV i Vest-Telemark, der ein 6-8 gonger per i år i prosjektperioden går gjennom arbeidskraftsbehovet til 50 nøkkelverksemder i regionen. I tillegg har samtlege registerte verksemder i regionen fått brev om prosjektet med tilbod om bistand, og vil få dette på nytt i 2009.


    I tillegg til konkret arbeid med rekruttering av arbeidskraft til kommunar og verksemder, har prosjektet koordinert to marknadsføringskampanjar for ein felles jobbmarknad i Vest-Telemark. Her vart både offentlege og private jobbar frå heile regionen vart synleggjort. Det har også vore tilrettelagt for utanlands jobbrekruttering gjennom NAV Eures systemet, men så langt har ingen aktørar nytta dette tilbodet.
    For ytterlegare synleggjering av arbeidsmarknaden i regionen er det etablert eit samarbeid med Yrkesmessa ved Vest-Telemark Vidaregåande skule. Denne messa vil no bli utvida til ei generell jobbmesse, og arbeidsmarknaden vil bli profilert gjennom ei rekkje tiltak fram mot messa i februar 2009.
    Generelt har behovet for arbeidsraft i Vest-Telemark endra seg som resultat av finanskrisa. Det er ikkje lenger eit generelt problem med mangel på arbeidskraft, men mange verksemder og kommunar manglar framleis nøkkelkompetanse. Prosjektet vil rette innsatsen mot desse i 2009, samt legge ytterlegare fokus på å få fram at Vest-Telemark er ein bu- og arbeidsmarknadsregion i samarbeid med Bygdelivsmeklaren.

    Fagnettverk

    Knoppskyting frå eksisterande verksemder er ein av dei viktigaste måtane å skape ny næringsverksemd på. Det har vore viktig for VTNF å fokusere på kor viktige eksisterande næringsliv er for å skape ny vekst. I lys av dette ønskjer ein å samle dei 25 største verksemdene i Vest-Telemark til eit eige vekstnettverk.

    VTNF fekk i næringsplanen i oppdrag å koordinere arbeidet. Prosjektplan er under utarbeiding, og prosjektet vil ta til for fullt 1. halvår 2009.

    Bedriftsstyre med kompetanse

    Prosjektet starta opp hausten 2007. Det er til no arrangera to kursrundar i styrekompetanse med til saman 45 deltakarar frå både privat og offentleg sektor. Det vil bli arrangert 1 – 2 rundar til avhengig av interesse. I nær framtid (februar 2009) vil ein lansere ein styrekandidatbase for Vest-Telemark som både private og offentlege verksemder kan nytte i sitt rekrutteringsarbeid. Vest-Telemark Næringsforum er ansvarleg for gjennomføring av prosjektet.



    Vitalisering av næringsapparatet i Vest-Telemark
    Ein av konklusjonane frå forarbeidet til strategisk næringsplan i Vest-Telemark var at næringslivet ønskte ei sterkare og meir variert rådgivingsteneste i regionen.
    Hausen 2008 handsama kommunane i Vest-Telemark eit nytt forslag til organisering av næringsrådgjevinga i regionen. Forslaget var basert på ei tilråding frå Telemarksforskning, som inneber ein modell med styrking av apparatet gjennom tettare samarbeid og spesialisering.
    Styret VTNF registrerar at kommunane handsamar denne saka ulikt. Nokre avviser samarbeidet, andre vil sjå nærare på ulike løysingar. Ingen vil avgje stillingsbrøkar slik at ein får eit formalisert samarbeid.
    Vest-Telemark har mange utfordringar i høve til etablering og drift av lønsam privat næringsverksemd. Styret i VTNF har derfor gjennom fleire kanalar flagga at vi treng topp kompetanse og betre tilgang på dei støtte- og utviklingsordningane som finnast. I ei tid med omstilling og utfordringar er dette særleg viktig. I eit ope brev til kommunanen i Vest-Telemark la styret særskild vekt på følgjande:


    • Næringslivet treng ei god fagleg rådgivingsteneste som kan lose verksemder i ulike fasar gjennom byråkrati, støtteordningar og vekst/utvikling

    • Det er ønskeleg at næringsapparatet er til stades i kvar kommune, men det er mindre viktig kor spisskompetansen innan utvikling er lokalisert.

    • Kommunegrenser må ikkje vere førande for det samla næringstilbodet i regionen. Vest-Telemark fungerar som ein bu- og arbeidsmarknad, og vidareutvikling av næringslivet må også skje i eit slikt perspektiv.

    • Næringslivet ønskjer å vere ein aktiv samarbeidspartnar i utviklinga av eit Vest-Telemarkteam på næringssida.

    VTNF vil jobbe vidare med denne saka i 2009, og samstundes vurdere om det er grunnlag for å utvide tenestetilbodet i VTNF i mangel av regionale tilbod.


    Informasjonskampanje – Nye WEB Sider lansert

    Styret vedtok å iverksette ein informasjonskampanje med mål å utvikle ny logo, webside og profileringsmateriell. Arbeidet starta hausten 07, der designverksemda Kandesign frå Vinje vart vald som leverandør.

    Som ein avsluttande del av informasjonskampanjen lanserte VTNF nye websider i slutten av januar 2008. Sidene gir høve til ein langt meir aktiv nyhetsformidling, og har sidan oppstart publisert 42 nyhetssaker. Sida www.vtnf.no er no den viktigaste kanalen for å spreie informasjon frå foreininga, og nyhetsvarsel sendast ei større gruppe i heile Telemark.

    I 2009 vil sida bli utvida med nye funksjonar, mellom anna ei nyutvikla teneste knytt til Styrekompetansebasen for Vest-Telemark.



    Samferdsel

    Arbeidet med samferdselsspørsmål er den klart viktigaste næringspolitiske enkeltsaka VTNF jobbar med. I tett samarbeid med NHO Telemark, der VTNF har plass i NHO sitt transportutval, har ein i 2008 forsøkt å fremme næringslivets syn i vegspørsmål i ei rekkje fora, miljø og instansar. VTNF har sendt formell høyringsuttale i høve til Nasjonal Transportplan 2010 – 2019, oppretting av Bompengeselskap, Innspel ang. Århus – Gvammen i høve til regjeringas krisepakke samt høyringsuttale i høve til omklassifisering frå riksvegar til fylkesvegar i 2010. Det er også sendt innspel kring Rv41, der ein saman med kommunane langs traseen har bedt om at vegen oppgraderast til stamveg i samband med reklassifisering av riksvegnettet i 2010.

    Av enkeltsaker har arbeidet med Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 (NTP) hatt særleg merksemd. VTNF har jobba for og stilt seg bak ein samla strategi for Telemark kring samferdselsprioriteringar (Fokus Telemark). Dette er eit samla dokumet heile næringslivet i Fylket står bak, og har vor presentert i ei rekkje samanhengar. Det har gjennom mange år råda ei oppfatning om at Telemark er splitta i vegspørsmål, og at dette er ein av grunnane til manglande resultat. Styret i VTNF har vore opptatt av at både politiske og private aktørar i fylket må samle seg om vedtatte hovudstrategiar, og vere tydelege ovanfor vegstyresmaktene.

    I kontaktmøter med Stortingsbenken til Telemark, med Fylkeskommunen i Telemark og kommunane i Vest-Telemark har VTNF ved mange høve peika på dei utfordringane næringslivet har i høve til ein konkurransedyktig infrastruktur. Vi er langt unna mål i dette arbeidet, men ein har tru på å samle seg bak ein felles strategi og jobbe målretta for denne.

    VTNF hadde også eige dialogmøte med Statens Vegvesen i mai 08 der ein gjekk gjennom næringslivets syn på det øvrige riksvegnettet i regionen.

    Kompetanse

    Kompetanse er eit viktig felt for VTNF. Næringsforumets strategi er å legge til rette for kompetanseheving på ein lokal og rimeleg måte. Ved å organisere fleire verksemder kan ein dele kostnader knytt til kurs og møter. Det mogleggjer at fleire verksemder finn tid og råd til å auke sin kompetanse. I meldingsåret har VTNF arrangert eller lagt til rette for følgjande kompetansehevande tiltak:



    • Styekompetansekurs, 2 rundar vår og haust.

    • HMS kurs i samarbeid med Vest-Telemark Bedriftshelseteneste

    • Juridisk kurs i omstilling og oppsigelsar/ permitteringar (omstillingskurs)

    • Fått etablera ei stipendordning for å mogleggjere deltaking i kompetanseprogrammet ”Female Future” i regi av NHO.

    • Samarbeid kring virkemiddeldagane til NAV - oppfølging ved sjukemelding – gjennomgang av nytt regelverk

    Det visar seg vanskeleg å få kompetansehevingstiltak rekningssvarande for foreininga. Ved etablering var det tenkt at tilrettelegging av kurs etc. kunne vere ei inntektskjelde for VTNF, men erfaring tilseier at ein i beste fall når kostnadsdekning. Arbeidet med kompetanseheving vil halde fram i 2009, med mogleg tilrettelegging av eit eige leiarutviklingsprogram tilpassa Vest-Telemark.

    Politikarkontakt

    VTNF legg vekt på å vere ein aktiv næringspolitisk aktør. I godt samarbeid med NHO Telemark har det vore ei rekkje kontaktpunkt gjennom 2008 der ein har fremja næringslivet i Vest-Telemark sitt syn. Som døme på denne aktiviteten kan nemnast:



    • VTNF er no fast invitert som observatør på møta til Vest-Telemark Rådet, der ordførar og rådmann frå kommunane møter.

    • Ein har hatt 2 – 3 kontaktmøter med Telemark Fylkeskommune

    • VTNF arrangera saman med NHO Telemark kontaktmøte med stortingsbenken til Telemark, der heile styret frå VTNF deltok.

    VTNF vil også i 2009 prioritere god kontakt med styresmakter og politiske miljø. Ein planlegger mellom anna eigne arrangement i samband med Stortingsvalet hausten 2009.

    Årsresultat 2008 – økonomi og finansiering

    VTNF er finansiert gjennom følgjande kjelder:



    • Medlemskontigent

    • Bidrag frå private finansinstitusjonar

    • Prosjektinntekter

    VTNF fekk ei rekkje tilskot ved oppstart. Det meste av desse midlane er no utløyst, så nert som 100.000 i driftstilskot frå Innovasjon Noreg.


    I løpet av meldingsåret har ein fått klargjort prinsipp for fakturering på oppdragsbaserte prosjekt. Dette har medført at årets inntekter har blitt relativt høgare enn normalt då det er etterfakturert inntekter som eigentleg vart tent opp i 2007.
    Medlemskontigent er i 2008 113.2500. Dette er ei auke på 9.750 og stammar frå auka medlemstal.
    Resultatrekneskapen viser eit samla positivt årsresultat (etter finansinntekter) på 369.634 kroner. I rekneskapet blir dette avsett til anna eigekapital. Ny eigekapital pr 31.12.2008 blir etter dette 559.045.
    Saman med uteståande tilskot på 100.000, budsjettert medlemskontigent samt inntektsgrunnlaget som ligg i foreiningas prosjektportefølge, er det føresetnad for vidare drift av VTNF i 2009.
    Prosjekta VTNF er engasjert i har tidshorisont ut 2010. Dette gir eit godt grunnlag for langsiktig økonomi, men legg også føringar på korleis ein kan bruke tida i foreininga. Det er derfor heile tida ei utfordring å finne inntektskjelder som i kraft av prosjekt eller tiltak er med på å oppfylle VTNF sitt formål. Strategisk jobbing med langsiktig finansiering vil vere eit prioritert arbeidsfelt også i tida framover.
    Arbeidsmiljø

    VTNF har fast tilsett dagleg leiar i 100 % stilling (90 % fram til 1. mai 08). Foreininga disponerar kontor i Sparebanken Sør sine lokale i Fyresdal. Arbeidsmiljøet reknast som godt. VTNF jobbar også aktivt ovanfor sine medlemmer i høve til arbeidsmiljø/HMS.


    Dagleg leiar har avvikla farspermisjon i starten av 2008, som kjem til uttrykk som refusjon i rekneskapen.
    Likestilling

    Kvinner og menn har like rettar i VTNF. Med kun ein person fast tilsett blir det tilfeldig om arbeidsstokken er mann eller kvinne. Styret i VTNF har i meldingsåret vore samansett av 6 menn og 2 kvinner.


    Ytre miljø

    VTNF har i lita eller ingen grad verksemd som påvirkar det ytre miljø utover vanleg energiforbruk knytt til reise og kontorhald.



    Framtidsutsikter

    Styret og dagleg leiar er godt nøgd med utviktinga i VTNF. I løpet av relativt kort tid er foreininga godt etablert og har blitt ein regional aktør. Næringslivet visar samfunnsansvar og engasjement ved å samarbeide om ei felles røst frå Vest-Telemark. Dette blir lagt merke til!

    I tida framover vil ein ytterlegare auke fokuset på medlemsengasjement og medlemsnytte. Verksemdene som engasjerar seg i VTNF må sjå at dette gjev resultat og har verdi. Styret håpar vi kan engasjere fleire i 2009, og saman bygge VTNF til eit sterkt fellesskap og talerøyr for næringslivet i Vest-Telemark. Vi vil med det oppfordre alle medlemmer til å engasjere seg. Bruk foreininga di, og prøv gjerne å engasjere andre.

    Fyresdal 17. februar 2009






    Arild Bondal
    Styremedlem




    ______________________

    Christin Norman
    Styremedlem



    ______________________

    Anne Lise V. Sandok
    Styremedlem



    ________________________



    Olav A. Veum
    Dagleg leiar




    Download 33.61 Kb.




    Download 33.61 Kb.

    Bosh sahifa
    Aloqalar

        Bosh sahifa



    Årsmelding 2008 Vest-Telemark Næringsforum (vtnf) er eit næringspolitisk organ og ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom medlemmene

    Download 33.61 Kb.