• Omfang
  • Reingjering av innerkanyle i plast: Utstyr
  • Reingjering av Silikonkanyle Utstyr
  • Reingjering av innerkanyle og Silikon tube Mål




    Download 12.23 Kb.
    Sana01.04.2020
    Hajmi12.23 Kb.



    Reingjering av innerkanyle og Silikon tube
    Mål:

    Hindre nedre luftvegsinfeksjonar og sikre at kanylen/tuben blir reingjort etter denne prosedyra


    Ansvar:

    Leiar har ansvar for at utstyr er tilgjengelig og at personale har fått nødvendig opplæring

    Pleiepersonell som reingjer innerkanyla/tuben har ansvar for at prosedyra blir følgt.
    Omfang:

    Gjeld reingjering av innerkanyle


    Personale:

    Plastforkle: sjå prosedyre for arbeidsantrekk

    Handhygiene: sjå prosedyre for handhygiene

    Hanskar: sjå prosedyre for bruk av hanskar

    Munnbind: sjå prosedyre for munnbind
    Gjennomføring:

    Rein prosedyre:

    Ved stell av trakeostoma, tube, innerkanyle og suging skal det være rein prosedyre. Med rein prosedyre meir vi: Reine hanskar, reint vatn og varmedesinfisert utstyr . Det er lett å forureine hanskar som ligg i open boks, eks. boksen må ikkje stå på vasken eller stadar der det er lett å få søl/støv opp i den opne boksen. Reint vatn er rennande vatn frå springen i pasienten sitt rom/bad eller leilegheit. Er det påbod om koking av drikkevatn skal også vatn til denne prosedyra kokast.


    Reingjering av innerkanyle i plast:

    Utstyr:

    • Kanylebørste eller vattpinnar

    • Hydrogenperoksyd 3%

    • Rein bolle

    • Rein oppbevaringsboks til den reingjorte kanyle

    • Reine kompressar


    Metode:

    Reingjeringa bør foregå på pasienten sitt bad og arbeidsplassen skal være rein eks. brukast vasken på badet skal vasken være reingjort på førehand.



    • Hent bollen med kanyla, skyll av bolle og kanyle med rennande vatn

    • Bruk kanylebørsten eller vattpinner og børst kanyla rein under rennande vatn

    • Legg kanyla i ein rein bolle med hydrogenperoksyd 3% i 15-20 minutter, kanyla skal være synlig rein

    • Skyll kanyla under rennande vatn

    • Legg den reine kanyla på ein rein kompress og la den lufttørkast

    • Sjekk at kanyla er utan riper eller sprekker

    • Pakk kanylen inn i rein kompress og legg den i oppbevaringsboksen

    Kanylebørsten og bolle må vaskast og desinfiserast (i dekontaminator eller koking) etter bruk
    Reingjering av Silikonkanyle

    Utstyr:

    • Kanylebørste eller vattpinnar

    • Rein bolle

    • Rein oppbevaringsboks til den reingjorte kanyle

    • Reine kompressar

    • Sterile kompressar 10 x 10 cm.

    • Gryte til koking av vatn og kanyle

    • Reingjøringsmiddel (Zalo eller tilsvarande)


    Metode:

    • Reingjer både tube og mandreng

    • Bruk kanylebørste/vattvinner og kompressar til reingjering av tubens innside. Vær forsiktig så det ikkje øydelegg silikonmateriale

    • Skyl tube og mandreng under rennende vatn

    • Kok opp vatn i ei gryte, tekk gryta av plata og legg tuben og mandrengen i det kokande vatn, avkjøl

    • Legg tuben og mandrengen i sterile kompressar og la dei lufttørke før dei leggast i oppbevaringsboksen

    Kanylebørsten og bolle må vaskast og desinfiserast (i dekontaminator eller koking) etter bruk


    Ekstern referanse

    Handbok i smittevern for helseinstitusjonar i S&Fj.

    Download 12.23 Kb.




    Download 12.23 Kb.

    Bosh sahifa
    Aloqalar

        Bosh sahifa



    Reingjering av innerkanyle og Silikon tube Mål

    Download 12.23 Kb.