• Omfang
  • Handtering av PVK
  • Skylling/kateterlås
  • Tilrådde brukstider for infusjonssett, koplingar, kranar, nålelause koplingar og skifting av infusjonssett
  • Utstyr og framgangsmåte ved, skylling, tilkopling av infusjonar og bolusinjeksjon av medikament
  • Utstyr og framgangsmåte ved skifte av koplingar
  • Fjerning av PVK
  • Infeksjonskontroll.no: http://www.infeksjonskontroll.no/portal/page/portal/Infeksjonskontroll/forebyggingp_document_id=401739p_dimension_id=291874
  • Pvk: Innlegging, handtering, infusjons- og slangesytem, infusjon/injeksjon, fjerning Mål




    Download 26.29 Kb.
    Sana08.12.2020
    Hajmi26.29 Kb.

    PVK: Innlegging, handtering, infusjons- og slangesytem, infusjon/injeksjon, fjerning

    Mål: Hindre infeksjonar v. innstikkstad og i blodbane knytt til bruk av PVK

    Ansvar: Leiinga har ansvar for at rett utstyr til bruk/stell av PVK er tilgjengeleg, samt at personale som utfører prosedyrar har fått naudsynt opplæring på staden. Personale som utfører prosedyrar i høve PVK, har ansvar for å fylgje/arbeide etter gjeldande prosedyrar.
    Omfang: Alle som legg inn, kontrollera og handtera PVK, behandlar innstikkstaden og administrera infusjonsvæsker og medikament.
    Innlegging:

    • Velg innstikkstad, helst på handryggen, deretter underarm. Andre lokalisasjonar gjev auka infeksjonsrisiko og risiko for trombose. Unngå stadar med sår, rifter eller eksem

    • Handhygiene før og etter palpering av innstikkstad

    • Desinfiser innstikkstad med Klorhexidinsprit 5mg/ml, lufttørk i 30 sek.

    Ikkje palper innstikkstad etter desinfeksjon

    • Bruk reine hanskar

    • Vel kanyle med minst mogleg lumen

    • Rein- og no-touch teknikk ved innlegging

    • Sjekk at kanylen fungera

    • Fest kanylen med gjennomsiktig bandasje

    • Dokumenter dato, kor den er lagt inn, stell i pasientjournal

    Handtering av PVK:

    • Observer innstikkstad dagleg. Seponer kanyle ved mistanke om infeksjon

    • Desinfiser koplingar med Klorhexidinsprit 5mg/ml før frå-/tilkopling

    • Bruk alltid ny steril propp

    • Skift bandasje om den er laus, fuktig, forureina, eller om ein observera infeksjonsteikn

    • Dokumenter dato for skift av bandasje

    • Kanylen bør ikkje ligge lenger inne enn 96t (4 døgn). I enkelte høve der det er særs komplisert å legge inn ny kanyle, kan ein vurdere å late kanylen ligge lenger enn 96t

    • Skylling/kateterlås: Skyll med Nacl 9 mg/ml mellom og etter administrering av medikament, parenteral ernæring, blodtransfusjon. Lås/lukk med Nacl 9mg/ml og Heparin 100IE/ml eller følg produsenten si tilråding

    Infusjons- og slangesystem

    Infusjons og slangesystem skal opnast så sjeldan som mogleg.

    Ved injeksjon av medikament og tilkoplingar av infusjon desinfiserast membran m klorhexidinsprit 5mg/ml.

    Tilrådde brukstider for infusjonssett, koplingar, kranar, nålelause koplingar og skifting av infusjonssett:

    1. Skifte av infusjonsett



    • klare væsker og kontinuerleg bruk: 96 timar (4 døgn).

    • ved fråkopling av infusjonen i >1 time

    • total parenteral ernæring (TPN) brukt til feittløysingar skiftast etter 24 timar.

    2. Koplingar, kranar og nålelause koplingar

    • i medhald til brukstid for infusjonssett

    • Nålelause koplingar skiftast kvar 3. dag, infusjonssett med kontinuerleg infusjon skiftast kvar 4. døgn. For å samkøyre dette, anbefalas at alt blir skifta samstundes kvar 72. time(kvart 3. døgn)

    3. Brukstid på transfusjonssett til blod eller blodprodukt er 6 t. Sett og kraner skiftast etter endt infusjon

    Utstyr og framgangsmåte ved, skylling, tilkopling av infusjonar og bolusinjeksjon av medikament:

    • Aseptisk/no-touch teknikk

    • Handhygiene

    • Er koplinga pakka inn i kompress: Reine hanskar, fjerne kompress og kast den samt hanskane rett i boss. Handhygiene

    • Ta på sterile hanskar

    • Desinfiser koplinga med sterile kompressar godt fukta med Klorhexidinsprit 5mg/ml

    • Fjerne propp/kople frå infusjonssett

    • Ev desinfiser koplinga for synleg forureining som restar av infusjon eller blod

    • Kople til infusjon/gi bolusinjeksjon, eller set på ny steril propp

    Utstyr og framgangsmåte ved skifte av koplingar

    • Handhygiene

    • Ta på munnbind

    • Handhygiene

    • Aseptisk/no-touch metode

    • Dekk opp med sterilt skiftesett

    • Ta på sterile hanskar

    • Desinfiser koplinga med godt fukta sterile kompressar med klorhexidinsprit 5mg/ml. Lufttørk i 30 sek

    • Fjern kopling

    • Desinfiser kateterhovudet med klorhexidinsprit 5mg/ml

    • Ny kopling fyllast med Nacl 9 mg/ml 10 ml sprøyte,

    • Kople til SVK – løpet

    • Desinfiser koplinga

    • Kast hanskar, munnbind og avslutt med handhygiene

    Fjerning av PVK:

    • Skal fjernast ved liggetid >96t, ved teikn på lokal irritasjon/infeksjon og ved manglande indikasjon

    • Bruk rein teknikk

    • Inspiser innstikkstad

    • Legg på steril kompress etter fjerning og dokumenter dato

    Referansar:

    1. Akseksen PE, Elstrøm P. Smittevern i helsetenesten. 2.utgave. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS; 2012

    2. Kunnskapssenteret: Nasjonalt nettverk for fagprosedyrar

    http://www.helsebiblioteket.no/microsite/fagprosedyrer/fagprosedyrer/svk-cvk-sentralt-venekateter-stell-og-bruk-av-tunnelert-og-ikke-tunnelert-kateter-hos-voksne


    1. CDC: Guidelines for the Prevention of Intravascular Catheter-Related Infections, 2011 http://www.cdc.gov/hicpac/pdf/guidelines/bsi-guidelines-2011.pdf




    1. IS-1414 veileder. Veileder for transfusjonstjenesten i Norge. Sosial og helsedirektoratet.2009;6.utg

    http://www.helsedirektoratet.no/publikasjoner/veileder-for-transfusjonstjenesten-i-norge-6-utgave-2009/Publikasjoner/veileder-for-transfusjonstjenesten-i-norge-6-utgave-2009.pdf

    1. Sittevern 11: Nasjonal veileder for håndhygiene: http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=239&trg=Content_6503&Main_6157=6246:0:25,5498&MainContent_6246=6503:0:25,5510&Content_6503=6259:49724:25,5510:0:6250:12:::0:0



    1. Infeksjonskontroll.no:

    http://www.infeksjonskontroll.no/portal/page/portal/Infeksjonskontroll/forebygging?p_document_id=401739&p_dimension_id=291874



    Download 26.29 Kb.




    Download 26.29 Kb.

    Bosh sahifa
    Aloqalar

        Bosh sahifa



    Pvk: Innlegging, handtering, infusjons- og slangesytem, infusjon/injeksjon, fjerning Mål

    Download 26.29 Kb.